Kulturstøtte - ordinær drift

Generell driftsstøtte blir gitt til ordinært lagsarbeid. Tilskotet blir mellom anna vurdert ut frå aktivitetsvolum og tal og alder på deltakarane. Søkarar må om muleg legga ved årsmelding og rekneskap frå føregåande år.

Les dei nye retningslinjene (PDF, 552 kB)

Søknadsfrist

Søknadsfrist i 2022 er 10. mai. 

Søknadsfrist for generell driftsstøtte er normalt 1. april kvart år.

Søk om generell driftsstøtte

Historikk

Kommunestyret vedtok 6. april 2022 nye retningslinjer for kulturstøtte i Hjelmeland.

Andre støtteordningar

Frivillige lag og organisasjonar kan søka om både støtte til generell driftsstøtte og konkrete tiltak og prosjekt.

Les meir om støtte til tiltak og prosjekt

Magnar Riveland
Kulturleiar
E-post
Telefon 404 39 153