Kulturstøtte - tiltak og prosjekt

Støtteordninga gjeld til dømes

  • arrangement
  • kurs og opplæring
  • oppstart av nye lag
  • nye anlegg
  • andre konkrete tiltak og prosjekt

Søk om kulturstøtte

Søknadsfrist

Søknadsfristen i 2022 er sett til 10. mai.

Søknadsfrist for hovudtildelinga av kulturstøtte er normalt 1. april kvart år. Det blir også delt ut støtte etter enkeltsøknadar utover i året. 

Søknad må innehalde

I søknadsskjemaet blir det spurd etter ei skildring av tiltaket det blir søkt om støtte til, og om ein enkel finansieringsplan for tiltaket. Det blir også spurd etter eventuelle teikningar, illustrasjonar eller andre vedlegg som er relevante for søknaden. Det er lurt å ha dette klart før skjemaet skal fyllast ut. 

Du må starta på tiltaket innan 31. mars året etter tildelinga. 

Les retningslinjene (PDF, 552 kB)

Rapportering

Det skal sendast rapport innan tre månadar etter at tiltaket er gjennomført. Det blir laga eige skjema for rapporteringa. I rapporten blir det spurd etter ein enkel rekneskap for tiltaket – i tråd med finansieringsplanen som blei presentert i søknaden. Kommunen kan be om meir detaljert rekneskap om det blir vurdert som nødvendig. Kommunen kan også krevja tilbake heile eller delar av støtta om tiltaket ikkje er gjennomført eller om det blei billegare enn omsøkt.  

Det skal som hovudregel søkast om støtte til tiltak før dei blir gjennomførte. Unntaket er støtte til kurs og opplæring av medlemar. Då kan søknad sendast etter at kurset er gjennomført. 

Historikk

Kommunestyret vedtok 6. april 2022 nye retningslinjer for kulturstøtte i Hjelmeland.

Andre støtteordningar

Frivillige lag og organisasjonar kan søka om både støtte til konkrete tiltak og prosjekt og generell driftsstøtte.

Les meir om driftsstøtte 

Magnar Riveland
Kulturleiar
E-post
Telefon 404 39 153