Høyring - Utviding akvakulturanlegg Vindsvik

Mowi ASA søkjer om utviding frå 2 til 4 lukka einingar i akvakulturanlegget for laks, Vindsvik i Jøsenfjorden.

Mowi ASA søkjer om endring av eksisterande akvakulturlokalitet, Vindsvik i Jøsenfjorden, Hjelmeland kommune. 

Endringa går ut på å auke med to nye lukka einingar på vestsida av dei to eksisterande lukka einingane i anlegget. 

Godkjent produksjonsvolum på anlegget er 3600 tonn, og det søkjast ikkje om auke i dette.

Overflateeiningane blir plassert innanfor avsett akvakulturområde i kommuneplanens arealdel A2 Vindsvik, og ankringa skjer innanfor avsett kombinasjonsformålet ferdsel/fiske/akvakultur.

 

Eventuelle merknader til søknaden rettast til:
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland, 
postmottak@hjelmeland.kommune.no  eller via digitalt skjema

innan 20. juli 25.

Mottatte merknader blir oversendt til Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelinga saman med kommunen si uttale til søknadenetter plan- og bygningslova.

 

Plan-og forvaltningsavdelinga