Søknadsfristar våren 2026

Treng laget ditt støtte frå kommunen? Skal du og naboane fiksa på leikeplassen i nærområdet? Då er det tid for å søka om støtte hjå oss.

Alle frivillige lag i kommunen kan søka om tilskot til den daglege drifta av laget. Søknadsfristen er 1. april. Les meir om ordninga og fyll ut søknadsskjema her.

Om laget ditt har planar om meir konkrete tiltak og prosjekt som arrangement, kurs, byggearbeid, kjøp av utstyr og andre ting, er den årlege hovudutdelinga 1. april, men det er råd å søka om tilskot gjennom heile året. Les meir om ordninga og fyll ut søknadsskjema her.

Om du bur i eit bustadområde som har ein felles leikeplass eller ballplass, er det råd å søka om tilskot til opprusting. Vilkåret er at de har ei velforeining som er registrert i Brønnøysundregisteret og ein driftsavtale med kommunen. Då vil de få jamlege tilsyn på leikeplassen og medlemskap i felles forsikringsordning. Søknadsfristen er 30. april. Les meir om ordninga og fyll ut søknadsskjema her.