Om oss

Årsplan Fister barnehage 2023/2024

2 Om oss

Fister barnehage er eigd av Hjelmeland kommune.
Barnehagen har to avdelingar:

  • Marihøna som er for dei yngste
  • Sommarfugl som er for dei eldste barna

Avdelingane held til i kvart sitt hus. Både inne og uteområda er store og romslege.

Barnehagen har flott natur rundt seg. Me har gangavstand til skog, fjell, vatn og sjø. Dette nyttar me oss ofte av. 

Barnehagen vert driven i trå med barnehagelov, rammeplan og andre gjeldande lovar og forskrifter.