Årsplan Fister barnehage 2024/2025

1 Hjelmelandsbarnehagen

Barnehagane i Hjelmeland kommune går under fellesnemninga «hjelmelandsbarnehagen». 

Felles visjon og verdiar

Hjelmelandsbarnehagen sin felles visjon er «Det beste for barnet». Me ønsker å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og utvikling.

Hjelmelandsbarnehagen sine felles verdiar er «respekt, omsorg og tryggleik». Me vil gjere barna trygge på seg sjølv og i samspel med andre, og vere med å gje eit positivt grunnlag for danning og utvikling.

Vår visjon og våre verdiar er barnehagane si rettesnor i det daglege arbeidet, både i forhold til det me seier, gjer og vektlegg i eit dagleg samspel med barna, føresette og medarbeidarar.

Årsplanen skal vise korleis barnehagen jobbar for å oppfylle krava i den nasjonale rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Barnehagen sitt verdigrunnlag, som kjem fram i bhg.lova § 1 og i rammeplanen, skal verte formidla, praktisert og opplevd i alle delar av barnehagen sitt pedagogiske arbeid.

Utviklingsarbeid i Hjelmelandsbarnehagen

Hjelmelandsbarnehagen er med i regional kompetanseordning (REKOMP) i region Midt-Rogaland, i partnarskap med Universitetet i Stavanger (UiS).  

Felles satsingsområde for barnehageåret 2024/2025

Felles satsingsområde for barnehageåret 2024/2025
Satsingsområde (tema) Innhald / tiltak
Vaksenrolla og personalet si relasjon- og samspelskompetanse i møte med alle barn Partnarbarnehage (Rekomp): samarbeid om barnehagebasert kompetanseutvikling i partnarskap med UiS, knytta til satsingsområde
Lærande nettverk/kjernenettverk (partnarskap m/ UiS+PPT)
Kurs for tilsette i Circle of Security (COS)/ tryggleikssirkelen. Dette er eit rettleiingsprogram som kan hjelpe til med å forstå barnet betre, med fokus på vaksenrolla
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis Lærande nettverk/kjernenettverk (partnarskap m/ UiS+PPT)
Spesialpedagogisk nettverk for hjelmelandsbarnehagen
Leiarutvikling (leiing av kollektive refleksjons- og læringsprosessar/ barnehagebasert kompetanseutvikling) Lærande nettverk/kjernenettverk (partnarskap m/ UiS+PPT)
Kollegarettleiing, erfaringsdeling og refleksjon i barnehagen

Hjelmelandsbarnehagen som miljøfyrtårn 

Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, og barnehagen har ein viktig oppgåve i å fremme verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.  (Rammeplanen, 2017) 

Alle barnehagane er sertifisert som miljøfyrtårnbedrift. Dette inneber at dei har systematisk arbeid med miljøtiltak i arbeidskvardagen, og leverer årlege miljørapportar for si verksemd. Barnehagen skal og bidra til at barna forstår at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.  

Trafikksikker kommune

Hjelmeland kommune er sertifisert som ein trafikksikker kommune. Dette inneber at me som barnehage har fokus på trafikktryggleik. 

Dette har me ved å:

  • Ha to temaveker om trafikk i løpet av året. Ei om våren og ei om hausten. 
  • Me har rutinar for turar langs trafikkert veg. 
  • Føresette må gje samtykke til at personalet tek med barna i bil. 
  • Barn i bil skal vera sikra med bilseter.
  • Me tek opp trafikktryggleik med føresette. 
  • Me ryggar inn når me parkerer.