Årsplan Fister barnehage 2024/2025

2 Om oss

Fister barnehage er ein kommunal barnehage som ligg ved skulen på Fister. 
Barnehagen har to avdelingar:

  • Marihøna som er for dei yngste
  • Sommarfugl som er for dei eldste barna

Avdelingane held til i kvart sitt hus. Både inne og uteområda er store og romslege.

Barnehagen har flott natur rundt seg. Me har gangavstand til skog, fjell, vatn og sjø. Dette nyttar me oss ofte av. 

Adresse: Solbjørvegen 60, 4139 Fister

Styrar: Rannveig Ueland Terøy

Telefon 404 39 220 og e-post rannveig.ueland.teroy@hjelmeland.kommune.no