Er du i ein vanskeleg situasjon?

Er du i ein vanskeleg situasjon?

Det mange som kan hjelpe deg! 

Treng du nokon å snakke med?

Psykisk helse

Hjelmeland legekontor

Legevakt
Telefon: 116 117

Alarmtelefon for barn og unge
Telefon: 116 111

Mental helse
Telefon: 116 123

Kors på halsen (Røde Kors)
Telefon: 800 33 221

Kirkens SOS
Telefon: 22 40 00 40

Barnevernvakta
Telefon: 51 89 91 67

Avhengighet

Klarer du ikkje å la vera å spele?

Klarar du ikkje å la vera å snusa? Røyka? Drikka? 

Besøk helsenorge.no for hjelp og tips

Pårørande i alle aldrar

Pårørandelinja er tilgjengeleg på chat, telefon og e-post. Dei tilsette har helse- og sosialfagleg utdanning og teieplikt. Dei tek i mot både barn og vaksne! 

Ring tlf. 909 04 848 - ope mellom kl. 10.00-15.00. Langope måndag, onsdag og fredag mellom kl. 10.00-19.00.

Chatten er tilgjengeleg via nettsidene: 

 

 

Kreft

Kreftlinja

Svangerskap og abort

Amathea - gravid og usikker? 

  • lang og bred erfaring innan spørsmål knytt til uplanlagt graviditet og abort
  • alle tenestene deira er gratis, også graviditetstesten
  • besøk heimesida
  • snakk med ein rettleiar på telefon 815 32 005
Overgrep, vald, mishandling

Valdtektsmottaket

Valdtektsmottaket er eit døgnope tilbod ved Stavanger legevakt og er for kvinner og menn, ungdom og vaksne som er blitt utsatt for eit seksuelt overgrep.

Hjelpa er gratis, og dei har teieplikt.

Dersom du er blitt utsatt for eit overgrep, ring telefon 51 51 02 02 eller 902 40 200. 

Krisesenter

Hjelmeland kommune har eit vertskommune samarbeid med krisesenteret i Stavanger for å kunne tilby befolkninga i Hjelmeland eit døgnbemanna krisesentertilbod.

Krisesenteret i Stavanger skal gi eit tilbod til fysisk, psykisk og seksuelt mishandla kvinner, menn og barna deira. Det gjeld også individ utsett for tvangsekteskap og menneskehandel.

Gå inn på lenkja nedanfor for å lesa meir om kva krisesenteret kan tilby.

Krisesenteret i Stavanger.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Besøk heimesida til Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte, gratis: tlf. 800 57 000

NOK. Sør-Vest

Lavterskel hjelpetilbud og fagressurs om seksuelle overgrep

Besøk NOK. Sør-Vest si heimeside

Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep

Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar ved vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finn du oversikt over ulike hjelpetilbod. 

Du finn også informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste, kor du kan stilla spørsmål anonymt. Nettsida si målgruppe er både dei som er utsett for vald, dei som utfører valden og andre berørte. 

Gjeldsproblem

NAV Gjeldsrådgiving

Telefon: 55 55 33 39, tasteval 1

 

Pasient- og brukerombudet i Rogaland

Ombodet kan hjelpe deg med å gjøre ei vurdering av din sak og gi råd og rettleiing om korleis du bør gå vidare.

Med mamma eller pappa i fengsel

Ifengsel.no er ein chattjeneste for deg som har ein mamma eller pappa i fengsel, er vaksen pårørande eller kjenner nokon som har ein forelder i fengsel.

  • snakk med dei om fengsel
  • snakke med dei om korleis du har det
  • snakk med dei om andre tankar eller spørsmål du har kring temaet 
Bonden sitt nettverk

Bonden har eit stort ansvar kvar einaste dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar eller enkelthendingar som kan vere vanskelege å handtere åleine.

Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenke klårt når ein er i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid. 

Det er nettopp det Bondens Nettverk kan hjelpa med; få oversikt og legga ein plan for å normalisera situasjonen.

Ta kontakt anten du sjølv er i ein vanskelig situasjon eller du er bekymra for nokon andre:

  • Anne Kari Skogerbø : 404 39 126, Hjelmeland kommune, Landbruk
  • Anita Jensen: 416 94 657, Norsk landbruksrådgiving
  • Sven Gil Westersjø : 928 62 410, Hjelmeland Sau og Geit
  • Marta Ommundsen : 404 39 076, Hjelmeland kommune, Helse
  • Gunnar Bø: 934 01 147, Hjelmeland Bondelag

Teieplikta vil bli ivareteken. Det er heller ingen automatikk i at heile nettverket vil bli aktivert ved kontakt med ein av deltakarane.