2 Bruk på skulen og heime
Heimebruk og lading
Det er meininga at elevane skal bruka læringsbrettet heime i tilknyting til skulearbeid.
Legg merke til følgjande punkt for heimebruk:
- Eleven ladar læringsbrettet heime og tek det med på skulen ferdig lada.
- Ladaren skal merkast med navneetikett, den vert oppbevart heime og tas ikkje med til skulen dersom anna ikkje er avtalt.
- Føresette er ansvarlege for kva elevane får tilgang til utanom skuletid. All bruk av skulen sitt utstyr skal til ei kvar tid vere i samsvar med skolen sitt ordensreglement.
Reglar for bruk
Mykje er lov, men det er ikkje lov til å:
- dela brukarnamn og passord med andre (eller stela passord)
- det er ikkje lov å streama filmar etc på skulen utan samtykke frå lærar
- lasta ned, oppbevara, distribuera eller kopiera materiale som bryt med reglar for opphavsrettigheiter eller andre norske lover og forskrifter
- lasta ned eller visa upassande materiale i samsvar med lover/forskrifter
- bruka utstyret som elers bryt med skulen sitt trivselsreglement eller datareglar
Kun kontaktlærar, rektor, pedagogisk IKT-rettleiar og IKT-ressurslærar kan få vita skjermkoden til læringsbrettet og eventuelt passord i Apple-ID, dersom det er naudsynt for å retta opp feil på læringsbrettet.
Brot på desse reglane vart rekna som brot på skulen sitt ordensreglement. Systemansvarleg kan utan forvarsel sletta materiale som bryt med reglane for IKT-systema ved skulen. Lærar kan inndra iPaden dersom det skjer brot på reglane i dette dokumentet.