Om bruk og utlån

Reglar for lån og bruk av læringsbrett i skulen

1 Om bruk og utlån

Bruk av læringsbrett

Læringsbrett vil vere eit viktig verktøy i elevane si læring og utvikling på skulen. Det er dei tilsette som bestemmer når elevane skal nytta seg av denne og kva IKT-ressursar som skal nyttast.

Skulen skal til ei kvar tid ha moglegheit til å sjå elevane sitt innhald på læringsbrettet.

Utlån av iPad til elevar

Læringsbrettet er skulen sin eigendom så lenge eleven går på skulen. Læringsbrettet skal oppbevarast i sekken, på pulten eller i hylla etter avtale med læraren. Eleven sørger for å oppbevare og frakta læringsbrettet på ein forsvarleg måte for å unngå skader og unormal slitasje som for eksempel oppripa glas, bulkar og riper i chassis og knappar som ikkje fungerer.

Eleven skal ikkje:

  • prøve å endra maskinvaren på nokon som helst måte
  • klistra på andre merker, dekorera eller teikna på læringsbrettet
  • bytta læringsbrett med andre elevar
  • ta læringsbrettet med seg ut i friminutt eller matfri eta eller drikka når dei arbeidar på læringsbrettet
  • transportera læringsbrettet utan vernedeksel

Skulen kan også når som helst ta inn læringsbrettet og bytta det med eit anna. Eleven må sjølv passa på å lagra eigne dokument etter retningslinjer frå skulen.