Barnehagen sitt formål og innhald

Årsplan Fister barnehage 2023/2024

3 Barnehagen sitt formål og innhald

3.1 Omsorg

Barnehagen skal ivareta barna sitt behov for omsorg, jf. rammeplanen (2017):

  • Omsorg er ein føresetnad for barna si tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati og nestekjærleik.
  • Barnehagen skal gje barna moglegheit til å utvikle tillit til seg sjølv og andre.
  • Alle barna skal oppleve å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for.
  • Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring.

Slik gjer me det hjå oss:  

  • Gje barn og foreldre ein god start på dagen
  • Vise glede for at akkurat ho/han kjem
  • Barnet skal bli bekrefta, forstått og verdsatt
  • Ta omsyn til at barn er ulike og har ulike behov
  • Omsorg og varme i alle situasjonar 

3.2 Leik

Barnehagen skal ivareta barna sitt behov for leik, jf. rammeplanen (2017):  

  • Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leiken sin eigenverdi skal verte anerkjent. 
  • Barnehagen skal ha eit fysisk miljø som støttar barna si utvikling og sosiale og språklege samhandling.
  • Barnehagen skal legge til rette for eit inkluderande miljø der alle barna kan oppleve glede og engasjement gjennom leik.

Slik gjer me det hjå oss:  

  • Aktive og deltakande vaksne både inne og ute
  • Barnehagen skal tilby variert leikemateriale
  • Gje barna felles opplevingar og referanseramar
  • Ha fokus på leik og vaksenrolla på personalmøter og i utviklingsarbeid
  • Oppmuntre og tilføre leiken nye element
  • Skjerme leiken (lukke dører)
  • eikegrupper
  • Felles regelleiker, t.d. raudt lys, fisken i det røde hav

3.3 Danning

Barnehagen skal fremme danning, jf. rammeplanen (2017): 

  • Barnehagen skal støtte barna i å vere prøvande og nysgjerrig til omverda, og bidra til å leggje grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.
  • Barnehagen skal fremme samhald og solidaritet samstundes som individuelle uttrykk og handlingar skal verte verdsett og følgd opp.
  • Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet, og fremme barna si tilhøyrsle til samfunnet, natur og kultur.
  • Barna skal få delta i prosessar ved avgjersler og utvikling av felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykke synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av.

Slik gjer me det hjå oss:  

  • Gode dialogar
  • Vaksne som reflekterar over eigen praksis
  • Gje barna relasjonar og aktivitetar som dei opplever er meiningsfylte
  • Ha forventningar til barnet
  • Gje barna sosial kompetanse
  • Lære barna å hevde seg sjølv på ein positiv måte
  • Bry seg og ha omsorg for andre 

3.4 Læring

Barnehagen skal fremme læring, jf. rammeplanen (2017): 

  • Barna skal oppleve eit stimulerande og utforskande miljø som fremmer barn si nysgjerrigheit og lærelyst.
  • Barnehagen skal sørge for utvikling og progresjon innanfor alle fagområda i rammeplanen.
  • Barnehagen skal støtte og berike barna sine initiativ og gje dei utfordringar og tiltru til eigne evner.

Slik gjer me det hjå oss:  

  • Gje barna erfaringar
  • Gje barna opplevingar
  • Gje barna utfordringar etter alder og modning
  • God tid for leik
  • Vaksne som støttar
  • Vise barna tillit 

3.5 Vennskap og fellesskap

Barnehagen skal fremme vennskap og fellesskap, jf. rammeplanen (2017):

  • I barnehagen skal alle barn få oppleve seg sjølve som verdifulle, få vener og bidra i eit sosialt fellesskap.
  • Barna skal verte støtta i å sette eigne grenser, respektere andre sine grenser og finne løysingar i konfliktsituasjonar.
  • Barnehagen skal førebygge, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønstre.

Trygt og godt barnehagemiljø i hjelmelandsbarnehagen 

Det er eit mål at alle barn skal ha det trygt og godt i barnehagen, og vere ein del av eit inkluderande barnehagemiljø. Det viktigaste arbeidet med dette skjer i barnehagekvardagen i lag med barna. Det er utarbeida ein felles plan for korleis barnehagane skal jobbe for å fremme eit trygt og godt barnehagemiljø, førebygge mobbing og anna krenkande åtferd, samt korleis dei skal handtere dette (aktivitetsplikt). Barnehagemiljø og mobbing - Hjelmeland kommune 

Slik gjer me det hjå oss:

  • Alle barna skal få oppleve å høyre til
  • Tilstadeverande og observerande vaksne
  • Personalet støttar og rettleier barna i samspel med andre
  • Hjelpe barna inn i leik
  • Ved å dele barna inn i mindre grupper
  • Vaksne som jevnleg arbeider med dette temaet på møter
  • Samarbeide med dei føresette 

3.6 Kommunikasjon og språk

Barnehagen skal fremme kommunikasjon og språk, jf. Rammeplanen (2017): 

  • Barnehagen skal støtte barna sin bruk av språk som reiskap for å tenkje og gje uttrykk for eigne meiningar og kjensler.
  • Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen.
  • Barnehagen skal fange opp og støtte barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling.

Slik gjer me det hjå oss:  

  • Gode samtalar med barna
  • Stille opne spørsmål
  • Ta utgangspunkt i det barna er opptekne av
  • Leike med bokstavar og lydar
  • Tilgang på bøker
  • Lesegrupper
  • Rim og regler
  • Song
  • Spela ulike spel
  • BRAVO-leiken 

3.7 Progresjon

Alle barna i barnehagen har rett til å oppleve progresjon i barnehagen sitt innhald, og få utvikle seg, lære og oppleve framgang. Me i personalet skal legge til rette for at barna møter varierte leiker, aktivitetar og læringsmoglegheiter. Barna skal få utfordringar tilpassa erfaringar, interesser, kunnskap og ferdigheiter. Barna i barnehagen skal oppleve meistring, samstundes som dei møter utfordringar dei kan strekke seg etter. Dei skal få nye erfaringar og opplevingar i barnehagen. Me skal ha varierte leiker og material som sørger for at barna opplever progresjon.