Trafikktryggingsplan

5 Mål og strategiar for trafikktryggingsarbeidet i kommunen

Mål 

  • I perioden 2024 – 2027 skal det ikkje vera drepne eller hardt skadde i trafikken i 
    Hjelmeland. Dette er i tråd med nullvisjonen. I same periode skal det ikkje vera fleire enn 5 lettare skadde.
  • Hjelmeland kommune vil at flest mogleg barn, unge og vaksne kan gå eller sykle trygt til skule, jobb og til fritidsaktivitetar. 

Strategiar

Kommunen skal arbeide aktivt for å nå målsettinga. I tråd med tilstandsmåla i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg, skal kommunen først og fremst bidra på følgande område: 

  • Auke bruk av bilbelte, refleks, bakovervendt barnesikring og sykkelhjelm  
  • Redusere andelen bilistar som overskrid fartsgrensene 
  • Førebygge køyring i påverka tilstand 
  • Arbeide målretta for at fleire går og syklar til skulen 
  • Auke lengda på gang- og sykkelvegar i kommunen  
  • Kommunen skal vera godkjent Trafikksikker kommune 
  • Barnehagane skal vera godkjente Trafikksikker barnehage 
  • Skulane skal vera godkjent Trafikksikker skule 

Kommunen skal gjennomføre trafikktryggingstiltak som vil bidra til å nå nasjonale tilstandsmål.