Trafikktryggingsplan

7 Økonomi

Fleire av tiltaka i denne planen treng finansiering for å kunne gjennomførast, særleg gjeld dette fysiske tiltak på offentleg veg. Det skal difor vera ein samanheng mellom lista over fysiske trafikktryggingstiltak på kommunal og fylkeskommunal veg (vedlegg A) og budsjett/handlingsplan. Dei tiltaka som er prioritert øvst må ha tilstrekkeleg midlar til planlegging og utføring, og det må vera ein heilskapleg plan for å få fortgang i tiltaka. Eining for bygg og anlegg skal ha rutiner for å søke om trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen der det er aktuelt.  

Einingsleiarar og kommunalsjefar er ansvarlege for at tiltak innafor deira einingar som treng finansiering vert spelt inn til budsjett, med henvising til trafikktryggleiksplanen.