Vedtekter for barnehagane i Hjelmeland kommune

§ 6 Opptaksreglar

Kommunen pliktar å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder som er busett i kommunen, jf. § 16 i Barnehagelova.

Føresette kan søka til to hovudopptak:

  • Søknadsfrist innan 1. februar: dersom du ønsker plass frå august, eller frå den månaden barnet fyller 1 år (i september-november)
  • Søknadsfrist innan 1. september: dersom du ønsker plass frå januar

Det er ingen løpande opptak utanom desse to hovudopptaka. 

Barnehagane på Fister, Hjelmeland og Årdal høyrer til same opptakskrets. Jøsenfjorden er ein eigen
opptakskrets.

Dei som får anna tilbod enn dei primært har søkt om (annan barnehage eller anna opphaldstid), blir sett på felles prioritert venteliste. Den som står øvst på den felles ventelista til ei kvar tid, får først førespurnad ved ledig plass, uavhengig av kva dei primært har søkt. 

Du får tildelt barnehageplass fram til skulestart for barnet. Barn busette i andre kommunar må søke om plass kvart år.

Barnehagesøknad sendast inn via oppvekstportalen vår. 

Vedtak kan klagast til formannskapet. Klagen skal sendast via rådmannen.