Høyring - Skredfarekartlegging i åtte område i Hjelmeland kommuneLytt til tekstenStopp avspillingNVE har fått utført ei skredfarekartlegging for åtte utvalde område i Hjelmeland kommune. Det føreligg nå ein rapport med oversikt over faresoner for skred i bratt terreng. Som ledd i kvalitetssikring av rapporten blir denne nå lagt ut til høyring.Dei kartlagde områda er: TysdalMålandErliaLakkåsenMelsliaTønnevik-ØvrehusAskvikaSæbø/AlmenningenKartlagde skredtypar er steinsprang og steinskred, jordskred, flaumskred, sørpeskred og snøskred. Kartlegginga er utført av Sweco AS og er basert på feltbefaringar, modelleringsarbeid og skredfagleg vurderingar sett i lys av lokale forhold. Rapporten konkluderer med at alle delområde har faresoner, men det varierar mellom låg sannsynlegheit for skred (≥1/1000- og ≥1/5000-sone) til enkelte stader høg sannsynlegheit for skred (≥1/100). Ulike typer bygg er plassert i desse sonene.Målet med høyringaMålet med høyringa er å finne ut om det er feil eller manglar i rapporten:Er det sikringstiltak i områda som ikkje er omtalt i rapporten?Fins det tidlegare skredfareutgreiing som ikkje er omtalt i rapporten?Fins det historiske skredhendingar som ikkje er omtalt i rapporten? Alle kan gi innspel til rapporten - kanskje særskild aktuelt for bebuarar i området eller andre med lokalkunnskap i dei konkrete områda.SKREDFARERAPPORTEN FARESONEKART Kom med innspelFrist for innspel er 12. desember 2025. Send høyringsuttale til NVE: HøyringskjemaEtter dette vil konsulenten Sweco revidere rapporten og den blir sendt til NVE for endelig godkjenning.Meir info frå NVE om denne type skredkartlegging Sist endra 21.11.2025 15.21