Viltforvaltning

Bondeposten 2/2022

12 Viltforvaltning

Rapportering:

Nå er jakta på rådyr, hjort og elg godt i gang. Me minner om at det er viktig å rapportere både undervegs i jakta, og det endelege jaktresultatet.

Jegerane skal rapportera om kva ein har sett og skutt under jakta. Den enklaste og beste løysinga er å lasta ned appen «Sett og skutt» på telefonen, slik at jeger/jaktleiar kan rapportera fortløpande etter kvar jaktdag. Rapportering av sett og skutt er ein føresetnad for at valdansvarleg kan levera elektronisk fellingsrapport når jakta er slutt.

Alle valdansvarlege er pålagt å rapportera årleg fellingsresultat. Fellingsrapportane skal vera kommunen i hende seinast 14 dagar etter jaktslutt. Det skal leverast fellingsrapport sjølv om det ikkje er skote dyr. (Me kan nemleg ikkje vita om manglande rapport skuldast 0 felte dyr, eller om valdansvarlege har gløymt å levera rapport.)

Ettersøk:

Hugs også plikta til ettersøk av påskutt hjortevilt, jf. § 27 i Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst, og kravet om ettersøkshund i § 23 i same forskrifta. Under jakt på elg, hjort og rådyr, skal jaktlag og personar som jaktar åleine ha tilgang til godkjent ettersøkshund. Dersom ein ikkje har godkjent hund med på jakta, skal ein ha skriftleg avtale som sikrar tilgang innafor eit rimeleg tidsrom etter påskyting.