Kommunale støtteordningar

Bondeposten 2/2023

4 Kommunale støtteordningar

Her er to kommunale støtteordningar som landbruket kan nytta seg av:

Tilskot til næringsføremål

Bedrifter som ligg i Hjelmeland kommune kan søkja om tilskot til næringsføremål. Det kan vera etablering av ny næring eller til investeringstiltak. Dersom du søkjer om tilskot for byggetiltak eller andre tiltak som krev offentlege løyve, må det vera gitt løyve før du kan få tilskot.

Budsjettramma er kr 1 200 000 pr. år. Minimum kr 200 000 av desse kr 1 200 000 skal nyttast til investeringar i landbruket. Dette inkluderer og tilskot til nydyrking.

Ang tilskot til nydyrking kan ein framleis maksimalt få tilskot til 20 da pr år, kr 2000,- pr da. Det MÅ søkjast om tilskot før dyrkingsarbeidet blir gjort. Det må føreligge eit løyve til dyrking før me kan løyve tilskot til dyrking. Søknadane kan gå parallelt.

Tilskot til grøn omstilling

Føremålet med ordninga er å stimulera til tiltak som gir reduserte klimautslepp og hindrar forureining. Ordninga skal og stimulera til næringsutvikling og innovasjon.

Begge ordningane har to årlege søknadsrundar, frist 15.april og 15. oktober. 
De finn elektroniske søknadsskjema på heimesida til kommunen. De må søkjast om tilskot før ein startar på omsøkt prosjekt.