Produksjonstilskot 2023

Bondeposten 2/2023

3 Produksjonstilskot 2023

Søknadsfrist produksjonstilskot og avløysartilskot 15. oktober.

Dispensasjon frå beitekrav på grunn av tørkesituasjonen

Innmarksbeita i Rogaland var hardt ramma av langvarig tørke og gav lite fôr på forsommaren. Generell dispensasjon frå krav om fôropptak på beite ved søknad om produksjonstilskot i jordbruket er eit av fleire tiltak som blei sett i verk for å avgrense konsekvensane av tørka og oppretthalde matproduksjonen. Tiltaka blei gjort kjent 13. juni, sjå nettsak på Landbruksdirektoratet.no. Innmarksbeita utgjer nesten 50 prosent av jordbruksarealet i Rogaland, og er dei areala som blei hardast ramma av tørka. Ved søknad om beitetilskot er det normalt krav om minst 50 prosent av fôropptaket skal vere frå beitet. Dispensasjon frå kravet gjer at bøndene kan tilleggsfôre dyra på beite utan at det får konsekvensar for tilskotet. (Beitearealet må i normalår gi så mykje avling at ein då haustar minst 50 % av fôropptaket frå areala) 

Eit anna tiltak som vart innført pga tørken:
Kornarealer som blir hausta som grovfôr eller blir beita kan likevel få arealtilskot for korn.