Bygningsvernrådgivning i Ryfylke

Bondeposten 2/2023

16 Bygningsvernrådgivning i Ryfylke

Rogaland fylkeskommune har lansert ei bygningsvernrådgivingsteneste i samarbeid med Ryfylkemuseet og Haugalandmuseet.

Gratis synfaring og rådgiving for eigarar av verneverdige bygningar

Er du eigar av ein eldre bygning og er usikker på kva du kan eller bør gjere for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med Ryfylkemuseet for gratis råd og rettleiing, tlf 52792950. Ryfylkemuseet er del av eit pilotprosjekt i Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving frå fagfolk med kompetanse på eldre bygningar frå Ryfylkemuseet. Bygningen treng ikkje å vere freda eller formelt verna for å vere aktuell for tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om huset ditt er innanfor krava til ordninga. Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad. 
Ryfylkemuseet kan hjelpe eigarar i Hjelmeland, Kvitsøy, Sauda, Strand, Suldal og delar av Stavanger og Sandnes (gamle Forsand, Rennesøy og Finnøy kommunar). 

Kva kan du få ut av dette tilbodet? 

  • Besøk av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar 
  • Praktisk gjennomgang og vurdering av eige bygg 
  • Svar på spørsmål om eldre hus 
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald  
  • Informasjon om støtteordningar 

Dersom du har behov for spesialkompetanse, kan Ryfylkemuseet gi råd om kor du kan finne dette. Ryfylkemuseet tilbyr og kurs i søknadsskriving - 5.oktober, bygningsvern og andre tema. Sjå nettsida til Ryfylkemuseet.