Investeringsmidlar i landbruket for 2023 - IBU-midlar

Bondeposten 2/2023

5 Investeringsmidlar i landbruket for 2023 - IBU-midlar

Høgare maksimale støttesatsar for investeringar i lausdriftsfjøs og gjødsellager

Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om midlar til investerings og bedriftsutvikling i landbruket som følge av årets jordbruksoppgjer. Endringane tredde i kraft 1. juli.

Det er særleg behov for å støtte investeringar på små og mellomstore mjølkebruk for å imøtekomma lausdriftskravet for storfe, som trer i kraft i 2034. Avtalepartane blei difor einige om å heva maks tilskotssats for investeringar innan lausdrift for storfe til inntil 50 pst. av godkjent kostnadsoverslag for investeringa, med øvre grense for tilskot på inntil 5 mill. kroner. 

I praksis har Innovasjon Norge i Rogaland for lite tilgjengelege midlar i høve til behov, så det er ikkje dermed gitt at ein får maksimalt tilskot.

Vidare blei det i jordbruksoppgjeret einigheit om å oppjustere maks tilskot til gjødsellager mv. Heva med kr 50 000,-  til kr 250 000,- per prosjekt.