Jakt

Bondeposten 2/2023

13 Jakt

Kvotefri jakt på hjortekalv

Hjelmeland kommune har fått godkjenning frå Miljødirektoratet til å tildele kvotefri jakt på hjortekalv i 2023, og har vedtatt å gi alle hjortevald i kommune kvotefri kalv.

Det er tildelt løyve som normalt, men dispensasjonen gjer at ein kan halde fram med å felle kalv etter at alle dei tildelte løyva på kalv er brukt. Dei ekstra kalvane som blir skotne skal registrerast på normal måte i sett og skutt appen eller på hjorteviltportalen. Dette er jaktleiar sitt ansvar å følgje opp. Valdansvarleg har ansvaret for at fellingsrapporten blir sendt inn. 

Dispensasjonen blir tildelt valdet og vil gjelda alle jaktrettshavarane i valdet. Ein grunneigar kan likevel motsetje seg kvotefri jakt på kalv på sin eigedom. Ordninga med kvotefri kalv gjeld sjølvsagt berre for dei som har godkjente hjortevald. Det er ikkje fritt fram å skyte hjortekalv på eigedom som ikkje er ein del av eit hjortevald. 

Ettersøk

Jakta er godt i gang og det kan vera greitt å minna om ettersøksplikta og kravet om godkjent ettersøkshund.

I «Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst» § 23 står det at alle som jaktar storvilt skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund med førar (ettersøksekvipasje). Dersom ein ikkje har slik hund med på jakta, skal det gjennom skriftleg avtale vera sikra tilgang innafor eit rimeleg tidsrom etter påskyting. Les meir om dette hjå Miljødirektoratet.no

I «Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst» § 27 står kort oppsummert følgjande:

Den som har skadeskote storvilt har plikt til å gjera det ein kan for å avliva dyret.
Ein må forvisse seg om det dyret ein har skote på er truffe eller ikkje. Ein skal ikkje ta opp igjen jakta eller skyte på andre dyr medan ettersøk pågår.

Dersom ettersøket første dag er utan resultat skal ein utan opphald melde frå til jaktrettshavar og kommunen.

For ei lita oppdatering på korleis ein skal oppføre seg når det dyret ein har skutt på forsvinn, og korleis eit ettersøk skal føregå tilrår me å lesa seg opp på hjortevilt.no.