6 Tilskot til bygging av gjødsellager
Det er mogleg å søke Innovasjon Norge om støtte til å bygge nytt gjødsellager. Kommunen kan og løyve SMIL-midlar til tak/dekke over eksisterande gjødsellager.
Nytt lager
Innovasjon Norge kan gi tilskot til å bygge nytt lager for husdyrgjødsel eller biorest, både med eller utan gjødselseparator. Du må søkje før du startar på arbeidet med å bygge/inngår bindande kontrakt med nokon som skal utføre arbeidet.
Les meir om korleis du søker på heimesida til Innovasjon Norge.
Tak over eksisterande gjødsellager
Dekke over gjødsellager kan redusere utslepp til luft, særleg tapet av ammoniakk, og er eit av fleire klimatiltak i jordbruket. Reduserte utslepp av gjødselgassar frå gjødsellager er òg positivt for omgivnadane. Kommunen kan løyve tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til tak over gjødsellager.
For å få SMIL-tilskot må søkar
Ha ei drift som kvalifiserer for produksjonstilskot, ha nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel til å oppfylle minstekrava i forskrift om organisk gjødsel, og velje takløysning av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret. Presenning med stativ eller flytedekke kan og godkjennast.
Likt som for tilskot frå Innovasjon Norge må du søke på førehand. Statsforvaltaren har tilrådd kommunane å maksimalt støtte 35 prosent av godkjende kostandar, med ei øvre grense på 150 000 kr. Dersom tiltaket i tillegg har fått/får støtte frå Innovasjon skal ikkje samla offentleg tilskot overstige 35 prosent av kostnadsgrunnlaget.