10 Tilskot til drenering
Jordbruksavtalen har gitt nye tilskotssatsar for drenering. Satsane gjeld fom 1. juli i år.
Dersom du tidlegare har søkt om/og fått tilskot til drenering, men ikkje har starta på jobben endå, kan du gi beskjed til kommunen om at du trekker den gamle søknaden og søkje på ny om tilskot til drenering med nye satsar fom 1. juli.
Dersom du har starta på dreneringsarbeidet du har fått tilskot til, så kan du ikkje søkje på ny, søknad må sendast før arbeidet startar.
Skal du drenere, så søkt tilskot i god tid. Saksbehandlinga tek litt tid, og stort sett vert søknaden og sendt til Rogaland Fylkeskommune på høyring.
Her er lenke til informasjon og søknadsskjema.
Nye satsar er inntil kr 4000,- pr da, eller kr 61,- pr meter grøft opp til maksimalt kr 4000,- pr da berørt areal.