Etablering av Bondens Nettverk i Hjelmeland

Bondeposten 2/2023

18 Etablering av Bondens Nettverk i Hjelmeland

Bonden har eit stort ansvar kvar einaste dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar eller enkelthendingar som kan vere vanskelege å handtere åleine. Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenkje klårt når ein er i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid. 

Det er nettopp det Bondens Nettverk kan hjelpa med; få oversikt og legga ein plan for å normalisera situasjonen.

Ta kontakt anten du sjølv er i ein vanskeleg situasjon eller du er bekymra for nokon andre:

  • Anne Kari Skogerbø tlf. 404 39 126, Hjelmeland kommune, Landbruk 
  • Anita Jensen tlf. 416 94 657, Norsk landbruksrådgiving
  • Sven Gil Westersjø tlf. 928 62 410, Hjelmeland Sau og Geit 
  • Marta Ommundsen tlf. 404 39 076, Hjelmeland kommune, Helse
  • Gunnar Bø tlf. 934 01 147, Hjelmeland Bondelag

Teieplikta vil bli ivareteken. Det er heller ingen automatikk i at heile nettverket vil bli aktivert ved kontakt med ein av deltakarane