RMP

Bondeposten 2/2023

2 RMP

Du kan søke fom 15. september. Søknadsfrist 15. oktober.

OBS!!! Rullering av instruksen for RMP og ny forskrift vedtatt 18.04.23. Her er derfor både nokon nye ordningar, og endringar i ein del av dei eksisterande ordningar. Nokon tiltak har fått nye namn eller nye tiltaksklassar. Dersom du søkjer tilskot til nokon av ordningane der det er endring, ta omsyn til dette dersom du seier JA til å importere søknadsdata frå 2022. Vilkåra er ikkje dei same som før i alle ordningane, sjekk difor om du kan søkje om det same, meir eller mindre, enn før. Importfunksjonen i RMP-kart fungere for tiltak som er uendra mellom 2022 og 2023. 

Har du f.eks. hatt 13 da bratt innmarksbeite og ikkje søkt tilskot pga vilkåret har vore minst 15 da bratt innmarksbeite for å få tilskot, så kan du nå søkje om tilskot til bratt innmarksbeite, du får tilskot frå første da. Husk å teikne arealet i kart. Har du søkt tilskot til tursti, med låg tilrettelegging, dvs. meir enn 3 km frå regulert bustadfelt, så er den ordninga nå ramla ut. Nå er det éin sats for alle turstiar, og det er den satsen for «høg tilrettelegging». Det ser ut for at turstien føl med i kartet frå i fjor til i år, men då med feil klasse, du må sannsynlegvis teikne på ny for at du skal få turstien med til søknad når du «hentar teikna tiltak» dersom du tidlegare har fått tilskot til «låg tilrettelegging». 

Nytt i 2023

Her er liste over det som er nytt i 2023 samanlikna med 2022. Dette ligg og elektronisk på nettsida til Statsforvaltaren.

  • Minimumskrav til 15 dekar innmarksbeite for tilskot til skjøtsel av bratt areal er fjerna
  • Det er mogleg å søkje tilskot til skjøtsel av all myr som grenser til fulldyrka/overflatedyrka areal eller til innmarksbeite godkjend som spreieareal for husdyrgjødsel. Då tenker ein myr i AR5 (gardskart). Du må følgje skjøtselsråda for å kunne søkje tilskot. Tidlegare var tilskot til  "skjøtsel av biologisk verdifulle areal" fleire ordningar, nå er det forenkla til å berre gjelde skjøtsel av myr ved jordbruksareal.
  • Det er innført tilskot til brenning av kystlynghei. Tilskotet blir berre gitt til areal som samstundes kvalifiserer for tilskot til beiting av kystlynghei. 
  • Det er innført tilskot til fangvekst som underkultur
  • Det er mogleg å søkje tilskot til kantsone i eng i heile fylket
  • Det er innført tilskot til bruk av biokol
  • Minimumskrav til 15 dekar automatisk freda kulturminne er fjerna
  • Det er innført maksgrense på 6 tonn per spreiing for tilskot til nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsel
  • Det blir gitt same tilskotssats for alle turstiar uavhengig av avstand frå tettstad
  • Tilskot til naturbeitemark og hagemark blir nå gitt i ordninga "skjøtsel av trua naturtypar". 

Tiltak som ikkje kan importerast frå tidlegare år, og dermed må teiknast inn på nytt er for Rogaland i år:

  • Soner for pollinerande insekt 
  • Nedlegging av husdyrgjødsel
  • Nedfelling av husdyrgjødsel
  • Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
  • Fangvekstar som underkultur
  • Fangvekstar sådd etter hausting
  • Spreiing av biokol

Dermed må alle som søker om tilskot til miljøvennleg gjødselspreiing, eller soner for pollinerande insekt i år, teikne dette på ny i kartet. Dette blir ikkje importert frå i fjor.

2.1 Tilskot til biokol blir ein del av Regionalt miljøprogram

Les meir om dette på Statsforvaltaren si heimeside.

Nytt fom 2023 er at jordbruksføretak i Rogaland kan søkje tilskot til å bruke biokol i open åker. Biokol kan auke karboninnhaldet i jord og gi betre vasslagringsevne. Førebels tilskotssats blir 15 kr per kg. Biokolet kan spreiast saman med husdyrgjødsla eller aleine, men må moldast ned i bakken etter spreiing. Her er sett krav til dokumentasjon og produktkvalitet. Biokol er eit jordforbetringsprodukt som blir omfatta av kvalitetskrav i forskrift om organisk gjødsel. Tilskotet blir utmålt per kg biokol med minimum 75 prosent tørrstoffinnhald. Det blir maksimalt gitt tilskot til 1000 kg spreidd biokol per føretak. 

Er du nysgjerrig på kval biokol er, og kva nytte det kan ha i jordbruket? På heimesida til Nibio finn de aktuell informasjon.